LEGATHÅNDBOKEN
Geografisk begrensede stipend og legater
Bømlo kommune sitt kulturstipend
*Kulturpris. Som ein stimulans for det lokale kulturlivet vil utval for oppvekst, kultur og idrett, dela ut kulturprisen på kr 20 000,- til kunstnarar/kulturarbeidarar/lag med tilknyting til Bømlo kommune. Summen kan også delast på to personar/lag. Kulturprisen blir gjeven for aktivt, friviljug og uløna kulturarbeid over lengre tid, eller for særskilde einskild tiltak. Søknadsskjema og retningslinjer finn ein på www.bomlo.kommune.no eller ved å venda seg til kultur, på tlf. 53 42 30 68. Søknadsfrist: 02.11.09. * Kulturstipend. Som ei støtte til personar heimehøyrande i Bømlo kommune som engasjerer seg innanfor kulturområde, har utval for oppvekst, kultur og idrett til rådvelde kr 20 000,- i samband med utdeling av kulturstipend for 2010. Summen kan delast mellom to eller fleire personar. Kulturstipendet blir gitt til dei som viser særlege evner innanfor musikk, idrett og kunst, eller som legg ned eit stort arbeid innanfor kulturlivet elles. Stipendet er meint som ei spore til vidare innsats for å kunne halde fram med å utvikla seg innanfor sitt område. Ein kan bli tildelt stipend på grunnlag av personleg søknad eller etter søknad frå andre.
Vil du søke på legatet? Kjøp Legathåndboken
Ønsker du å søke på dette legatet eller finne flere legater som passer for deg? Du finner nødvendig informasjon om søknadsfrist, søknadsprosedyre og kontaktinformasjon for dette legatet, samt over 2000 andre legater i Legathåndboken. Kjøp boken her

