LEGATHÅNDBOKEN
Geografisk begrensede stipend og legater
Gausdal kommunes fond
* Kulturmidlar. Målet for tilskotsordninga er å stimulere til utvikling av eit variert og aktivt kulturliv i Gausdal, der initiativ og mangfald står i sentrum. Lag og foreiningar som høyrer heime i Gausdal kan søkje, dei må vera registrert i Foreiningsregisteret til Gausdal kommune. Kommersielle foretak har ikkje høve til å søkje. Midlane vert konsentrert kring to område: - Prosjektstøtte til lag og foreiningar som har planar om prosjekt eller spesielle satsingar som vil krevje noko ekstra av laget. - Driftsstøtte til lag og foreiningar, først og fremst til dei som driv barne- og ungdomsarbeid. Ordninga omfattar ikkje tilskot i samband med spelemiddelprosjekt eller større investeringar/utbyggingar. * Kjetil Bjørges minnefond. Fondet er oppretta for å gje ungdom (15-24 år) frå Gausdal som studerer song og musikk, betre vilkår og inspirasjon. Både enkeltpersonar og grupper kan søkje. Årleg beløp til utdeling er ca. kr 5-10.000. Eige søknadsskjema. * Gausdal Gjensidige Brannkasses kulturfond. Fondet støttar tiltak innan kunst, kultur, kulturvern og reiseliv i Gausdal. Ein kan søkje om midlar til større prosjekt som vil ha verdi og nytte for alle innbyggjarane i Gausdal, og/eller som kan gje kommunen ei viss markering utad. Årleg beløp til utdeling er ca kr 5.000. Ikkje eige skjema. Legg ved budsjett for prosjektet, samt gje opp kontonr. for ei ev. utbetaling. * Utdanningsfond for Gausdal kommune. Fondet er sett saman av Lina og Harald Enges legat, Hans Oppegårds legat, Sjur Fedjes minnefond og lærar Kristian Fonstads legat. Ungdom (15-24 år) frå Gausdal kommune som tek utdanning utover grunnskulenivå, kan søkje om midlar frå fondet. Utdanninga bør vera ledd i ein utdanningsplan, og ved tildeling vil ein vurdere behovet for økonomisk støtte. Delar av midlane skal kome ungdom frå Follebu til gode. Dette fordi at Kristian Fonstads legat, som utgjer ca. 45% av fondskapitalen, var tiltenkt ungdom frå Follebu. Det vert delt ut stipend frå fondet kvart 3. år (2006, 2009 ...). Beløp til utdeling kvar gong er ca. kr 15 000.
Vil du søke på legatet? Kjøp Legathåndboken
Ønsker du å søke på dette legatet eller finne flere legater som passer for deg? Du finner nødvendig informasjon om søknadsfrist, søknadsprosedyre og kontaktinformasjon for dette legatet, samt over 2000 andre legater i Legathåndboken. Kjøp boken her

